Festfotball i Haugaland Kraft Cup

Då Fitjar idrettslag og Haugaland Kraft for 20 gong arrangerte cup på Fitjar i helga stillde Vest-Elektro sitt bedriftslag igjen opp på den kjende innecupen. Ikkje berre kom dei heim som vinnarar av b-finalen, men keeper Idar Mjønes vart kåra til cupens beste spelar av lokalavisa Fitjarposten. Med sånn festfotball syner laget at dei er verdige navnet Fest-Elektro.

Nøgde elektrikarar med pokalen i hand etter velspeld cup.
Foto: Roger Koppang

Idar Mjønes redda heile tre straffar i finalen og vart kåra til cupens beste spelar i Fitjarposten. Velfortent seier me og kårar han til årets spelar i Fest-Elektro. Toppscorar vart Hallgeir Goa Myhre som leverte 4 fine mål i tillegg til eit knippe gode straffar.

Les meir om cupen hjå fitjarposten.no

Gutane i Fest-Elektro var ikkje det einaste innslaget frå Vest-Elektro på cupen. Roger Koppang som framleis er aktiv fotballspelar fekk ikkje delta i den opne klassen med resten av laget, men lot ikkje det stoppa seg i frå å spele cup. Saman med Ice Cold Cowboys gjorde han fin figur og ente opp med eit knepent bronsefinale-tap i eliteklassen.

Vest Elektro gratulerar og vonar det blir fleire pokalar i tida som kjem.

Pokalen trygt plassert på øverste hylle på sjefen sitt kontor.
Foto: Vidar Haslum

Me har flytta

Velkommen til ein uforpliktande samtale i våre nye kontor i Hatlandsmyro 19 på Heiane.

I samband med flytting til nye kontor har me samstundes valgt å flytte nettstaden vår. Den forrige nettstaden var gammaldags og sliten og då me no har bytta navn og fått ein ny og moderne logo var det på tide å lage ein nettstad som var representativ for ei moderne elektrikarbedrift. Nettstaden har du sett og kan gjere deg kjend med på eigenhand om du vil. Logoen har du sikkert sett på ein av bilane våre, som stadig er ute på oppdrag. Difor vil me heller fortelje litt om dei nye lokala våre.

Me har alltid hatt kontor på Fitjar og dei siste åra har me òg hatt eit servicekontor på Hystad. Då me har flytta fokus vekk i frå den maritime delen av verksemda og retta oss meir inn mot service/bygg og anlegg avgjorde me at Heiane var den ideelle plassen å ha nye kontor. Der ligg me sentralt plassert nær våre grossistar, longs E39. Kortare kjøretid gjer oss meir konkurransedyktige. Dette kjem deg som sluttkunde tilgode i form av lågare pris.

Det nye kontoret har me bygd i lag med Sunnhordland bygg og Johansen rør, som òg har kontorer i samme bygg. I tillegg har me reknskapsføraren vår Laastad Pluss & Minus rett over gongen. Med så sterke aktørar som naboar ser me fram til å dele kompetanse og få eit enda nærare samarbeid.

For dei som ikkje har postkontor på Heiane eller er oppteken av blomar og dermed har sett det, så ligg det nye bygget midt mellom Plantasjen og TNR.

This website uses cookies

We use cookies to improve the user experience on our website and to personalize advertisements. By continuing to use this website, you consent to our use of cookies. Reject all